Geografisk oversikt

Hovedbildet over her viser Gulafjordane som består av Nordgulfjorden, Austgulfjorden og Eidsfjorden. Likeeins ser ein seglingsruta frå Sognesjøen, gjennom Nyhammarsundet, forbi Folefoten og ut i osane kor kursen vart lagt austover mot Guløy. Til venstre i kartet ser ein skipsleia forbi Mjømna, Skjerjehamn, Storholmen fyr og deretter austover inn Segløyosen.

Gulafjordane har fått namn etter Guløy som er startpunktet. Eidsfjorden har også namn etter garden Eide, innerst i fjorden. Eit kart frå 1700-talet viser at det opprinnelege namnet var Sørgulfjorden (i harmoni med Nord- og Austgulfjorden).

Sjå meir om Gulafjorden under menyvalg «Fakta, tvil og fantasi».

Gulatinget låg på Guløy og på Flolid gard. Namnet viser kvar tingstaden låg. Guløy er den halvøya som stikk ut frå Flolid, og der begynner Gulafjordane. Det står 4 vardar eller vetar – på Nevedalsfjellet, på Brattelifjellet (Eidsfjorden), Øksefjellet (Oppdalsøyra) og i sida på Svabergfjellet. Desse vetane er alle synlege frå Guløy og kan ha vore som vaktvern for Gulatinget. Ingen av desse vetane er synlege frå den tenkte tingstaden i Eivindvik. Vardane var likevel først og fremst ein viktig del av «leidangen» som Håkon den Gode organiserte, og som var eit varslingssystem nytta i ufredstid. (Sjå meir om dette under «Vestnorsk kulturarv«).

Veten på Nevedalsfjellet vart ødelagd av eit lynnedslag før totusenårsskiftet.
Veten på Stemnebøfjellet er også nemnt, men denne inngjekk i eit landsomfattande nettverk av vardar med større innbyrdes avstand. Det seiest at heile landet kunne bli varsla i løpet av 7 dager.

Kommunen og fylket valde Flolid som tusenårsstad for Sogn og Fjordane på grunn av Gulatinget. Det er mange namn på Guløy og Flolid som minner om gamal historie. Domsteinen ligg på toppen av Guløy. På Knarrholmen vølte dei båtane, på Veholmen vigsla dei tinget i hedensk tid, og på Krosshaugen stod den krossen som seinare vart flytta til kyrkja på Flolidstranda.

Lat kartet bli levande! Bli med på ei reise frå plass til plass.

Dette kartet viser eit større område der mellom anna Kyrkjehaugen, Kyrkjebakken og Kyrkjestøa er med. Her ser ein og kor kort veg det var å frakte stein frå trappa på Guløy til bygging av dampskipskai på Nyborg.
Ungane hadde god utsikt frå Klokkeidneset der dei følgde med når lasteprammane gjekk fram og tilbake, slik Sara Westervik (1885 – 1966)
fortalde. Erik Sandnes (1888-1966) fortalde det same til Ingrid Kidøy på 60-talet: «Han hugsa pramma godt».

 

Kartet viser også Timrøyna der soga fortel at dei gjekk Holmgang i vikingtida.
I Egilssoga står det at Egil Skallagrimson var ein av dei som gjekk holmgang på Gulating. Saker som ikkje lot seg løyse på anna vis vart avgjort med ein duell mellom partane. Duellen kunne stansast ved første blodsutgytelse, men endte ofte med døden. (Det var ansett som feigt å gje seg).

Frå eit brev etter Hans B. Flolid:
«Det står i Egil Skalagrims saga, kap 57. Han stemte sin rettsak, arvesak, til Gulatinget, og der tilbød sin motstander, at gå holmgang, som også ble gjort på en holme, der ikke lå langt fra tingstedet. Dette stemmer treffende, og er sikkert den lille ø eller holme der ligger like nord for Guløen, som nu kalles Timmerøen. Midt oppe på holmen er en ganske flad vold, som nu er oppdyrket hvor der også var en meget rund cirkel av sten. Øens dengang eier fortalde mig efter sagnet, det var her Egil Skalagrim gikk duel, og fældte sin motstander, Kortatle. Videre viste han mig, ikke langt derifra det sted hvor sagnet siger han skulde være gravlagt. Det viser ennu ligsom en gravhøi eller avlang tue, på det formentlige sted». Referanse: O.A. Øverland «Norgeshistorie», utgive 1885. Der er holmgangen nøye skildra».

Då Gulatinget omfatta berre Hordaland og Sogn og Fjordane møtte truleg alle vaksne, våpenføre og frie menn. Etter at Egdafylket (Agder), Rygjafylket (Rogaland) og Sunnmøre kom under Gulatinget vart det truleg umogeleg å la alle møte, så i staden vart det valgt utsendingar, omkring 400 valgte sendemenn, flest frå Hordaland og Rogaland med rundt 100 kvar. For Sunnmøre var talet delvis oppgitt til «så mange som ville». I tillegg kom det mange andre tilreisande, alle kunne møte opp for å legge fram saker, medan nokon kom for å drive handel. Gulatingslova gjaldt opprinneleg for Vestlandet til og med Nordfjord. Sunnmøre høyrde då til Frostatings område, og vart truleg ein gang på 1100-tallet overført til Gulatingslova. Egil Skallagrimssons saga nemner dei tre fylka Firðafylki, Sygnafylki og Horðafylki. Historia Norvegiæ sier at Gulatinget omfattar Agder, Rogaland, Sogn, Fjordane og Sunnmøre, samt Valdres og Hallingdal. Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 nemner dessuten Bygland og Setesdal.

Gulen ligg sentralt til på Vestlandet.

Utstrekning og omfang av Gulatinget blir bekrefta av fleire granskarar:

Norske historikarar lærer gjerne at Harald Hårfagre sto for lova, men islendingane motseier dette og argumenterar for at dei på den tida gjerne ville så langt unna Hårfagre som mogeleg. Islendingane hevdar at dei truleg ynskte ei lov lik den som var på Vestlandet (Agder var ein del av Vestlandet fram til ca. 1900) før Hårfagres tid og slaget ved Hafrsfjord, og i så fall må lova være eldre enn frå 870. Det høver også med teorien om korleis tinget opprinneleg var samansett, sjølv om det kan være vanskeleg å bevise.
På det meste dekka tinget området frå Lyngør i sør, og i nord til og med Sunnmøre. Gulatingslova gjaldt også ei tid for fjellbygdene i Valdres og Hallingdal, trulig også ei tid i Numedal og Vest-Telemark, og vestover til Færøyane og Shetland. Kjelder fra 1100-talet seier at Gulatingslova gjeld for mange bygder mellom «sjølandet» og «opplandet» slike som Valdres og Hallingdal. Valdres og Hallingdal må ifølge Robberstad ha hørt under Gulatingslova også tidligare fordi dei vart lagt under Stavanger bispedømme i 1125 då det vart oppretta som Norges andre bispedømme. Landslova av 1274 slo fast at Valdres, Hallingdal, Valle (i Setesdal) og «Otradal» (Bygland) skulle ha utsendingar til Gulating. Til å begynne med var nok utbredelsen mindre, kanskje dagens Hordaland og Sogn og Fjordane. Det er også nokre forskarar som meiner at Hordaland og Rogaland gikk saman i eit lovforbund dei kalla Njardarlag før Gulatinget vart til.