Artiklar
Skjuler Guløy ein løyndom?
Guløy, ei halvøy utanfor Flolidgardane i Gulen, vert vist til i fleire gamle skrifter som staden der Gulatinget vart halde. Samstundes ligg Tingvollane, som etter tradisjonen var sjølve tingstaden, på fastlandet like innanfor Guløy. Kan det ha vore to tingstader i same området – ein på Guløy og ein på fastlandet? Desse og andre spørsmål drøftar Jan Kidøy i denne kronikken.
KRONIKK
Jan Kidøy, Forsand
STEINTRAPPA: Grunnen til at eg har stilt meg sjølv desse spørsmåla er fyrst og fremst overleveringane om at det skal ha vore ei stor steintrapp frå sjøen og opp på utsida av Guløy, i ei lita bukt rett vest for Mulen. Dette er ein god fiskeplass, og som gutunge mista eg meir enn ein pilk her, ettersom det er steinbotn, mens det ellers er sandbotn rundt det meste av øya. Det var mor som fortalde meg om trappa. Ho hadde spurt fleire gamle folk innover i fjordane om dei kjende til ei slik trapp, og fekk slik læra at det var vanleg å stoppa i dette området ved Guløy når folk rodde til kyrkje, ettersom det er ei oppkome som mest aldri er fri for vatn rett ovani Gulesteinen der det no står eit kabelhus. Ein av dei gamle hugsa spesielt ei lita jente som sprang opp trappa for å gjøyma seg bort for å gå på do. For meg er likevel det sterkaste «provet» på at her kan ha vore ei trapp det mor fortalde etter si mor, Sara Westervik.Ho vaks opp på Klokkeide, tvers over fjorden frå Guløy, og kunne fortelja at då dampskipskaia på Nyborg vart bygd bruka ho og dei andre ungane å sjå på dei store pram- mane som frakta stein frå sørsida av Guløy til Nyborg. Frå Klokkeide hadde dei den beste utsikten ein kan tenkja seg, så det lyder truverdig at dei såg kor steinen kom frå. Det var mange fornminne som vart øydelagde på denne måten, steinkyrkja på Flolidstranda er eit anna døme. Bevaringstanken måtte nok vika for behovet for lett tilgjengeleg stein til ymse formål.
KRYSS OG TVERS: Men kva skulle ein med ei stor trapp på denne kanten av øya? Bufeet hadde si eiga kleiv det gjekk opp på fastlandssida, og dei gamle slåtteteigane ligg lenger inne på øya og har godt tilg jenge frå sjøen på austsida. Eg sette meg føre at eg ville sjå nærere på dette, og våren 2002 traska eg Guløy på kryss og tvers. Eg gjekk ned til sjøen der trappa skal ha vore, og fekk syn for sagn ettersom det ligg fleire store steinar av løkvalitet rett i strandlinja og vidare utover langs botnen. Eg tolka det slik at nokre kanskje vart mista på sjøen, mens andre vart fråsortert som ueigna, og dumpa. Deretter g jekk eg opp lyngrabbane for å freista finna ut kva folk kunne ha hatt å gjere der oppe. Etter min- dre enn 5 minutts gange kom eg opp til eit lite dalsøkk med bergskrentar på begge sider. Ein lun og fin plass, heilt utan innsyn korkje frå sjøen eller landsida. Berga på nordsida minner om dei som ligg ovanfor Tingvollane, mest som naturlige sitjeplassar, men med plass til langt færre.
DOMSTEINEN: Som gutunge tykte eg det var svært spanande med alle dei gamle sagnene me høyrde, og alle stadnamna som var knytt til Gulatinget. Det vart mellom anna fortalt at det skulle liggja en stor rund stein ein stad på Guløy som vart kalla Domsteinen, men ingen visste kvar på øya han låg. Me gutane leita fleire gonger etter denne steinen, men me var nok aldri så langt ute som til denne vesle dalen eg no hadde funne. Difor g jorde hjarta eit lite hopp då eg såg ein rund stein – rettnok ikkje så svært stor, men høg nok til å nyttast som «bord» – liggjande inn mellom buskfurene på sørsida av dalsøkket. Kunne dette vera Domsteinen? Hadde dei hatt tingsete nede på den vesle sletta, og avsagt domane her ved steinen? Tanken vart levande, og eg såg føre meg at dette saktens kunne ha hendt. Men kvifor akkurat her? Forholda skulle liggja langt betre til rette nede på Tingvollane.
RETT TINGSTAD: Soga fortel at Håkon Håkonson let tinget føra/flytta til «rett tingstad». Dette kan tydast slik at han tala om en tingstad som var kjend, og som var den rette, men som no tinget hadde vore borte frå ei tid. Med andre ord: Han førde/flytta det attende dit det høyrde heime. Me veit at tingfreden var heilag – at ingenting skulle få uroa så lenge tinget var samla. Kan det tenkjast at det i urolege tider i landet, med mykje strid mellom småkongar og landsdelar var naudsynt å «gøyma vekk» tinget for ei tid? Å ha det på ein stad som var vanskeleg å sjå og lett å forsvara mot inntrengjarar?
I så fall finn ein knapt betre stad enn det vesle dalsøkket eg stod i på Guløy.
UINNTAKELEG FESTNING: Guløy ligg som ein trygg festning ut i sjøen. Viss ein tenkjer seg attende til vikingetida, då pil og boge, spjut, sverd og øksar var dei vanlegaste våpena, skjønar ein fort at å gå til åtak fråbåt på ein landstyrkje i bratt lende ville vera fåfengt. Så åtak frå sjøsida ville vera lite å frykta med tanke på vern om tingfreden. Likeeins er det på landsida høge, stupbratte berg mest heile vegen frå aust til vest, berre avbrotne av ei lita geil der det går an å koma opp. Så her ville det også vera lett å forsvara seg. Inne på øya er det to markerte forkastningar i fjellet. Den eine går i aust-vest retning og den andre nord-sør. Ved eit tenkt «vaktskifte» ville forsvararane kunne forflytta seg lett og usett på berre få minuttar langs desse aksane. Vakthaldet ville og vere lettare enn nokon annan plass eg kan tenkja meg. I aust har ein full oversikt over innløpet til Nordgulfjorden og Austgulfjorden, og i sør Eidsfjorden. I vest ser ein Ilenessundet, og utover heile Osen like til Segløyna og vidare ut mot havet, mens Flolidfjellet reiser seg bratt opp i nord. Ein fiende ville ikkje kunne snika seg innpå nokon stad utan å bli sett. Dermed kunne ein bli varsla tidleg, med god tid til førebuingar. Samstundes ville eigne skip ligg je godt i skjul på dei lune vågane ved Knarreholmen. Ved steintrappa er det gode landingstilhøve, og kort veg inn til hamna for oppankring.
LØYNDOMEN: Viss desse tankane eg har gjort meg har noko føre seg, kan ein likevel undrast over at ein ikkje har høyrt denne tingstaden omtala, sjølv ikkje på folkemunne. Eller kanskje det ikkje er til å undrast over? Om staden skulle vera løynd for omverda er det kanskje rimeleg å tru at folk synte respekt for dette, og at det difor har vore lite omsnakka frå gamalt av, slik at minna har døydd fort ut. Av denne grunn vil nok spørsmålet om ein tingstad på sjølve Guløy framleis vera ein løyndom. Men det er slik undring som gjer soga spanande, og som legg mystikk og historiesus over Tusenårsstaden på Flolid!
(Firda, 16/9 2005)
Noregshistorie på flyttefot?
Det einaste kjende stadnamnet frå soga som kan setjast i samband med Gulatinget, er Guløy (Gulø) – ei halvøy ved Flolid-gardane, om lag 4 km frå kommunesenteret Eivindvik i Gulen. Lokalhistorisk er det ei rekkje stadnamn som stadfester at Flolid og Guløy var tingstaden.
Når det har vore snakk om å markere tingstaden med eit minnesmerke, har sterke krefter i Eivindvik arbeidd for at dette skulle reisast i Eivindvik, truleg av kortsynte økonomiske omsyn. Denne striden har vara i snart hundre år, og har blussa opp att no som Flolid vart valgt til tusenårsstad for Sogn og Fjordane fylke.
Slik saka har utvikla seg er det nærliggjande å tru at kommuneleiing og næringsinteresser i Eivindvik ser seg lite tent med at det vert investert 10-20 millionar i ei storslått markering på tingstaden Flolid, medan sjølve kommunesenteret står att med ingenting.
Dei ville kanskje så gjerne hatt turistane og pengane og æra til Eivindvik.
Taktikken for å endra på dette er no som før: Dersom det kunne hevdast at tinget vart halde i Eivindvik – i alle fall for ei tid – så kunne det forsvarast å ha litt markering begge stader. Ein har difor gjennom lang tid arbeidd for å gje tilreisande inntrykk av at Eivindvik var tingstaden. I denne prosessen har lokale stadnamn vorte endra (eks. Borghaugen > Lovseieberget / oppkomme > Olavskjelda), og kyrkja i bygda er gjort 400-500 år eldre enn ho er.
Mange har bete på agnet som vert hengt ut. Om professor Knut Helle ved universitetet i Bergen er ein av dei, skal være usagt, men han er i alle fall ein trufast tilhengar av ”Eivindvik-alternativet”. Han hevdar at Gulatinget vart halde det meste av tida i Eivindvik, og berre ca. 50 år på Flolid! Han er no hyra av Gulen kommune til å skrive bok om Gulatinget. Boka kjem ut i november i år.
Viss boka skulle vise seg å innehalde påstandar lik dei ovanfor nemnde, er det viktig at det blir organisert ein oponion mot denne freistnaden på å endre historia. Dette er såleis ei oppmoding til alle som ynskjer at rettferd og sanning må ligge til grunn når ei så viktig sak som Gulatinget skal markerast. Oppmodinga går i første rekke til kulturetatane i dei fylka som sokna til Gulatinget i gamal tid, men også til alle andre interesserte.
At Flolid vart valgt til tusenårsstad for Sogn og Fjordane fylke betyr at folk over heile landet, ja, langt utanfor Norges grenser, no vil få del i soga om denne viktige staden på ein heilt ny måte. Denne staden som skulle få så mykje å seie for Norge si utvikling fram mot det trygge demokratiet me har i dag. Endeleg skal folk i nåtid og ettertid få ein stad å gå til der historia vert levande. Ein stad der ein kan minnast og læra om Gulatinget. At Flolid (som omfattar halvøya Guløy og Flolidgardane med Tingvollane og andre historiske stader) vart vald til tusenårsstad var både viktig og rett. Ingen einskild stad i fylket kan ha hatt så stor innverknad på land og folk som nettopp Gulatingstaden.
DEN RETTE TINGSTADEN
Opp gjennom tidene er det mange, både lærde og legfolk, som har vitja Gulen for å sjå nærare på tingstaden. Ikkje alle kom så langt som til Flolid (sjå nedanfor), men dei som fann fram, vart fort overtydde om at dette var rette staden. Det er difor underleg at Gulen kommune har sett opp skilt som er eigna til å så tvil om dette. På eitt av skilta står det å lese: «Vi har ikkje funn som gjør at vi sikkert kan seie kvar sjølve tingstaden låg.» Kva funn er det snakk om? Har ein ikkje funne Guløy? Staden er merka av på dei eldste kjende kart, og er nemd i viktige skriftlege kjelder om Gulatinget frå gamalt av. Dette er ein av dei få ting ein verkeleg veit sikkert, at tinget vart halde i Guløy.
Etter kristninga av landet vart det bygd kyrkjer tilknytta tingstadene, slik også på Flolid. Diverre er restane av kyrkja (kyrkjene?) no borte, men muntlege overleveringar slår fast at dei var godt synlige nesten fram til vår tid.
I Haakon Haakonsøns soga står det slik: «Han let gera kirkju i Guløy nodr fra Bjørgyn og offradi tartill Gulhring.»
I J. Kraft sin Norgesbeskrivelse, bind 4, side 792 les me at «på Flolid har været en kirke, og under gården hører en liten ø eller egentlig fra fastlandet ut i Gulenfjorden gående landspids, Gulø kaldet, hvor måske det gamle Gulatinget har været holdt.»
Nils G. A. Dahl i Eivindvik påstår dette med visse i sitt skriv i Budstikken for 1823, «at på Flolidstranden har ståt en kirke under en haug, som endnu bærer navnet Kirkehaugen, likesom landingsstedet ved sjøen kaldes Kirkestøen. I samme årgang av Budstikken skrev daværende oberstløytnant Holch «Noget om Gulatinget», og hevder at «det egentlige tingstedet neppe kan være noget andet end Gulø på Flolid. Stedets almue påstår dette enstemmig som fra far til søn nedarvet tradition, og ved nevnte gård sees spor av en kirke, som rimeligvis er kong Haakon Haakonsøns kirkebygning, som efter hans saga blev reist ved Guløy.» Både Dahl og Holch, som nøye har undersøkt staden, omtalar fundamenta etter kyrkja.
Skulestyrar B. E. Bendixen frå Bergen undersøkte også kyrkjestaden i Guløy, og seier: «Noget utenfor gårdens landingsplass på Flolidstranden, vest for gårdens huse, fant jeg på en flate eller rettere svag skråning under Kirkehaugen, der er kjendelig ved sin lille varde, og hvor kirken efter traditionen skulde have ligget, spor av dens fundamenter. Traditionen peker visstnok med fuld ret på dette sted. Sammenfattet i korthet: Navnet Guløy, bestemte traditioner peker på, at her lå tingstedet, og øens beskaffenhet er nøiere beset, ikke til minste hinder for denne antagelse. Kirken lå i kort avstand, både traditionen, navne som Kirkestø, Kirkehaug, eldre beretning, rester av grundmuren viser, at her har man Haakon Haakonsøns kirkebygning.»
I tillegg til ovannemde er det ei rekkje stadnamn og lokalhistoriske overleveringar som knyter sterke band til Gulatingstaden.
15.07.2003, Jan Kidøy
Øydeleggjande strid
Trass i det store tilfanget av bevis for kvar tingstaden var, har det frå tidleg på 1900-talet vore sterke krefter som har arbeidd for å få reist eit minnesmerke om Gulatinget i Eivindvik, om lag 4 km lenger vest.
Opp gjennom åra har ein teke ymse åtgjerder i bruk for å få tilflyttarar og tilreisande til kommunen til å tru at tingstaden var i Eivindvik. Så langt har det gått at sjølv folk som er oppvaksne i Gulen tek påfunna alvorleg. Fylkeskultursjef Lidvin Osland kallar dette for ein «bygdekrangel» som ikkje er noko å bry seg om. Men dette som no skjer er noko langt meir enn ein bygdekrangel: Me står truleg overfor ein bevisst freistnad på historieforfalsking. Dette står i grell kontrast til føremålet med Gulatinget – å byggje landet med lov og rettferd.
Frå eit foredrag halde på eit åpent møte i Heradshuset i Eivindvik den 5. oktober 1960, les me fylgjande, som seier mykje om kor usakleg denne striden har vore. Foredraget vart halde av Sogn sogelag sin representant i gulatingnemnda, A. Skåsheim frå Balestrand: «Nemdi som skulde arbeide for å reise eit minne på Gulatingstaden i Eivindvik var samla i 1917, men nemdi møtte motstand, særleg gjekk Hans Floli hardt imot og han var ein tung motstandar. Nemdi fann det heilt nyttelaust å kjempe mot han. Ein rådde seg difor til å vente med det vidare arbeid til Hans Floli var avleden.» (Hans Floli var en ivrig forkjempar for at rettferda skulle komme fram om tingstaden, og han hadde lært seg islandsk for betre å forstå dei originale kjeldene. Han hadde til og med besøk av den Islandske presidenten på Flolid).
Tenk det! Argumenta var så spinkle at ein måtte ynskje livet av motstandarane for å komme vidare med saka! Kva er så argumenta for at Eivindvik kunne ha vore tingstaden? Ingen. Der er ingen lokalhistoriske tradisjonar å byggje på. Der er ingen historiske namn som kan knytast til tinget. Topografien stemmer ikkje med skildringar i sogebøkene. Der var ikkje lende for båtar før dei nåverande kaiene vart bygde. Der er ikkje isfritt i kalde vintrar (først etter 1164 vart tinget halde midtsommars). Der var ikkje kyrkje i Gulatingtida, og heller ikkje før lenge etter at tinget vart flytta til Bergen tidleg på 1300-talet.
I dei seinare år har taktikken mest gått ut på å hindra tilreisande autoritetar i å komme til Flolid, så dei ikkje med sjølvsyn kan oppleve den verkelege tingstaden. Her er nokre typiske døme (det finst mange fleire):
I 1960 kom ein sogestudent, Olof Jørgensen frå Thisted i Danmark, til Eivindvik og spurde etter Guløy og Tingvollane. Han fekk til svar at Flolid, der Tingvollane låg, stod under vatn i vikingetida (!), så der var det ingenting å sjå. Studenten sette seg likevel føre at han ville til Guløy, og etter ei synfaring på staden vart han veldig begeistra, ikkje minst over akustikken i området. Han var ikkje i tvil om at det var her tinget vart halde.
Seinare på 1960-talet kom sogefolk frå alle dei nordiske landa til Gulen for å sjå tingstaden. Dei vart oppvarta i Eivindvik, men kom aldri til Flolid. Då vikingskipet «Saga Siglar» med Ragnar Thorseth vitja Gulen, vart han stogga i Eivindvik – han fekk aldri sjå Gulatingstaden.
I september 2000 vart det halde Gulatingseminar i Eivindvik med innbedne gjesteforelesarar frå inn- og utland. Blant desse var: Førstearkivar Tor Ulset, Riksarkivet i Oslo, Professor Ditlev Tamm, Universitetet i København og Førsteammanuensis Tore Iversen ved Universitetet i Trondheim. Ingen av dei var på tingstaden!
Den 26. mai 2001 var stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl saman med alltingspresident Halldòr Bløndal og den Islandske ambassadøren i Norge, Kristinn F. Arnason, på vitjing. Dei vart som skikken er fotograferte ved krossen i Eivindvik, men Gulatingstaden fekk dei ikkje sjå.
Jan Kidøy (dato ukjent)
INGRESS/KORTVERSJON
Gulatinget som omfatta heile Vestlandet med Agder og deler av indre Østlandet kom saman årleg i ca 400 år fram til 1300-talet på garden Flolid i Ytre Sogn. Der vart tvistesaker og andre rettslege forhold avgjort i samsvar med Gulatingslova – ei av dei eldste lovsamlingane i Europa.
Gulatinget har namn etter halvøya Guløy som er knytt til Flolid med eit smalt eid. Stadnamn, gamle skrifter og lokal tradisjon gjev grunn til å tru at tinget i periodar kan ha vore halde både på ein eldre tingstad på Guløy og på fastlandet på Flolid like ved. Plassen er tydelegvis nøye valgt ettersom den ligg sentralt i området lova gjaldt for, samstundes som innseglingsruter, hamne- og tryggleiksforhold er svært gunstige. Her på Flolid vart også den fyrste steinkrossen reist og kyrkje bygd i samband med tinget på staden.
Kongesagaene og dei eldste øvrige skriftlege kjelder fortel at dette var tingstaden. Historiegranskarar opp gjennom åra har kome fram til denne konklusjonen.
Når offentlege etatar i vår tid hevdar at den eldste tingstaden ligg i bygdesenteret Eivindvik, 3,5 km unna, er dette eit politisk vedtak som korkje samsvarar med historie, geografi eller topografi.
KORRESPODANSE
Store planar for Gulatingstaden på Flolid.
Eit større prosjekt med bygg for konferansar, undervisning, audiovisuelle framsyningar m.m
er planlagt ved Tingvollane. Kostnadsrama er på nesten 100 mill. Prosjektet legg opp til tredelt finansiering mellom stat, kommune og fylkeskommune. Legg spesielt merke til følgande setning i tilbakemeldinga frå Kulturdepartementet: «Tusenårsstedet er etablert som en minnepark til ære for Gulatinget».
Middelalderkyrkje i Eivindvik?
Tilsvar til e-post av 21. okt. 2022
frå Berit Anna Gjerland
Nedanfor fylgjer en del kommentarar til svaret ditt – eit svar som reiser fleire nye spørsmål. Eg vil gå gjennom dette punktvis og spørsmål som krev svar samlar eg nederst.
1. ID 8445-1 Guløy kyrkjestad.
Under «utfyllende beskrivelser» står det: «Lokaliseringen av kirkestedet er uavklart». I same avsnitt står det vidare: «Ved Floli kaldes en haug endnu for Kirkehaugen og landingsstedet for Kirkestøen». Så følger ein nøyaktig beskrivelse av kirketomta med angitte avstandar på restane av grunnmuren.
Så er det tatt med eit angiveleg sagn om at tømmeret vart ført med vinden til Eivindvik og at kyrkja vart bygd der. Dette er ikkje nemnt av historikarane Kraft, Blom, Dahl eller Bendixen som det ellers er referert til. E. Bjordø kallar med rette dette for ein fabel (s. 16)? Og korleis kan ein fabel nyttast som vitenskapeleg grunnlag? (Minner om at den dominerande vindretningen på Vestlandet/Flolid er sør-sørvest, iallfall når det gjeld ekstreme værforhold. Materiala ville i så fall ha hamna på Ytre Flolidvågen). Er denne fabelen meir truverdig ein «Bånnsull frå Eksingedal» som beskriv reisa til Gulatinget på Flolid, og som har referanse til kjend kjelde?
Under «Dokumentasjon» 23/11 2011 (!) står det vidare: «Lokaliteten har manglet stedfesting til nå. Nøyaktig lokalisering må gjøres i felt».
Korleis harmonerer dette med den ovanståande beskrivelsen der 4 nemnde historikarar har vore på lokaliteten og gitt ein grundig beskrivelse?
2. ID 84447 Gulen kyrkjestad.
Frå «Utfyllende beskrivelser»: «Eldste omtale av kirken er i 1329 av prest i 1327 (referanse til brev frå biskop)». Den oppgjevne referansen seier ingenting om at det var kyrkje i Eivindvik, men brevet er adressert til presten, som då må ha budd i Eivindvik.
I Masfjorden låg eksempelvis prestegarden på garden Åmundsbotn medan kyrkja står på garden Sandnes, eit døme på at prestegarden ikkje ligg på same matrikkelgarden som kyrkja.
Tidsangjevinga her er uansett etter at Gulatinget vart flytta til Bergen (ca år 1300) og det skulle ennå gå lang tid før kyrkja på Flolidstranda vart flytta (flyttinga er bekrefta av Niels Griis Alstrup Dahl m/fl.).
Vidare står det: «En middelaldersk stavkirke på stedet ble på slutten av 1500-tallet erstattet av en liten langkirke …» Kvar finn ein referanse til den nemnde stavkyrkja? Og kor sannsynleg er det at det var kyrkje i Eivindvik og på Flolidstranda, innbyrdes avstand 1,5 km, innafor same tidsbolk?
Meir frå beskrivelsen: «Eivindvik var frå først av ein retteleg storgard».
Korleis kan ein hevde dette når skriftlege kjelder viser noko heilt anna:
I 1360 er Eivindvik (Øyuindarviih) nemnt som skattebetalande gard.
«Da matrikkelen skulle settes opp i 1868, ble gården beskrevet. Gården lå nær sjøen, men den var tungdrevet og hadde verken fiske eller fiskerettigheter. Jordene var spredt, den hadde syv husmannsplasser».
Ein «storgard» uten elementære lovrettar står ikkje til truande.
Slik desinformasjon rokkar ved truverdet til heile beskrivelsen.
3. Utgraving ved Tingvollane.
Eg hugsar godt det som vart kalla utgraving på ei lita høgd aust for Tingvollane. For eit uøvd auga såg det ut som litt «pirking i overflata».
Eg har seinare vore til stades under utgravingane på Landa, Forsand,
og der var det snakk om utgraving, ikkje «pirking».
Så vart då konklusjonen også at der ikkje var noko å finne. Men kven hadde anvist denne staden som aktuell? Det er ingen eldre skriftlege eller munnlege kjelder som har nemnt ei kyrkje her.
Trass i dette er staden avmerka som kirketomt i «Kulturminnesøk».
Dette må dei som står bak kunne svara på.
4. Utgraving på Flolidstranda.
Du viser til boka «Gulatinget og Gulatingslova» av Knut Helle. (Sjå omtale av denne boka under neste punkt).
På side 64 er det vist bilder frå tomta og utgravinga på Flolidstranda.
Når ein samanliknar dei to bilda er det tydeleg å sjå at utgravinga har foregått på feil stad, ettersom den eigenlege tomta er på flata lenger nede, tydeleg beskrive av Bendixen m.fl.
Dette reiser spørsmåla: Kvifor har ein støtta seg til Jacob Flolid som stadsanvisar (Knut Helle) når fleire kjende og nemnde historikarar har gitt ein nøyaktig beskrivelse av staden? (punkt 1). Var denne utgravinga like kalkulert som den på Flolid?
5. «Gulatinget og Gulatingslova» av Knut Helle.
Knut Helle vert beskriven som «den største autoritet på norsk middelalderhistorie». Det skal eg ikkje imøtegå, denne boka framstår som eit praktverk og vert no rekna som sjølve «Bibelen» når det gjeld Gulatinget. Dette syner fleire seinare bokutgjevingar på mellom anna Saga Forlag og Selja Forlag (Ingvaldsen/Djupedal).
Forfattarar, historikarar, læreanstaltar m.fl. vil frå no av støtta seg på Knut Helle sine konklusjonar, uten å foreta eiga gransking.
Slik sett var det eit «kupp» av Gulen kommune å få Knut Helle engasjert i den over hundere år lange striden om lokaliseringa av Gulatinget. Gjennom seminar og høyringar i forkant av forfattarskapet var det tydeleg for oss som følgde med at konklusjonen var førehandsbestemt. For å etablere sitt syn i akademika i et større omfang inviterte han kollegaer frå alle dei nordiske landa til Eivindvik der dei vart kursa i hans historieversjon. Truleg var ingen av dei på Flolid, og iallfall ikkje på Guløy.
Så støtta då også Gulen Kommune utgjevinga med eit betydeleg beløp. No vil eg ikkje hevde at Knut Helle var «kjøpt og betalt», men at sterke krefter både lokalt og frå anna hald har påverka synspunkta hans kan det ikkje være tvil om.
På denne bakgrunn er truverdet av drøftingane frå side 61 – 66 i boka sterkt svekka. Dette blir forsterka av måten Flolid og Guløy er omtala, for det meste i ein nedsetjand tone, der respekten for tidlegare granskarar er fråværande. Alt på omslagsbildet ser ein kva haldning forfattaren har til saka. Om han meinte tinget også hadde vore på Flolid, om så var for ei kortare tid, ville det vore naturleg at bildet dekka eit større område.
Dessutan er det ei samanblanding av gamle stadnamn og hendingar som tyder på at han har hatt problem med å bortforklare fakta der dette har vore tiltengt.
Eksempelvis seier han at det er utenkeleg at det vart halde ting i det knudrete lendet på sjølve Guløy, og trekker beskrivelsen av Domsteinen inn i ei setning om Tingvollane. Professor Taranger, som det vert vist til i ein annan samanheng, er tydeleg på at den eldste tingstaden var på Guløy «mellom Domsteinen og Varden». Her er det eit dalsøkk med ei slette i botnen, og i nord er det ein bergformasjon med naturlege sitjeplassar som kan romme mykje folk. Her er det også naturleg god akustikk. Lite tyder på at Knut Helle har tatt bryet med å undersøke denne plassen ettersom boka berre beskriv eit knudrete lende.
Det er og eit stort spørsmål om nokon av autoritetane frå UiB og UiO som uttalar seg skråsikkert om «tingstaden» i Eivindvik har sett denne plassen?
Freistnaden på å trekke i tvil alderen på Guløy-namnet, holmgang på Timrøyna og at det har vore kyrkje på Flolidstranda er også ganske avslørande. Å forklare namnet på Krosshaugen med eit kryss i berget framstår som direkte latterleg. Mykje tyder på at me her hadde med å gjere ein autoritet som i kraft av sin fagkunnskap gjekk politiske ærend for å endre tusenårige historiske fakta og tradisjonar.
Professor Helle var også ganske vag i å konkludere med at tinget i det heile tatt har vore på Flolid, han tekkjer sogar inn antydning om at det kan ha vore fleire stader i tillegg til Eivindvik. Det er mest som ein høyrer frå bakrommet: « OK, la dei på Flolid få dei siste 50 åra, så kanskje dei roar seg».
Dette reiser og eit nytt spørsmål: Hvis me tenker oss at tinget var i Eivindvik i nesten 400 år – kva var då bakgrunnen for at det vart flytta til Flolid? Kva skjedde i Eivindvik? Var det ei naturkatastrofe eller tilsvarande hendingar – finst det i så fall prov på det? Eller var Håkon Håkonsson, den akta kongen han var, gått frå sans og samling sidan han flytta tinget frå det «ideelle» Eivindvik til «det knudrete lendet» på Guløy?
Uansett er det svært merkeleg at ei storslått markering med planlagte investeringar på nær 100 mill. kroner er lagt til Flolid hvis tingstaden var i Eivindvik. Her er det mykje som skurrar, og dess djupare ein grev i dette, dess tydelegare ser ein at her er det snakk om politiske avgjerder uten grunnlag i historiske fakta.
Spørsmål eg gjerne vil ha svar på:
1. Kvifor blir beskrivelsen av kirketomta på Flolidstranda frå fleire tidlegare historikarar underkjent?
2. Kvar finn ein referanse til ei middelaldersk stavkyrkje i Eivindvik?
3. Kvifor blir Eivindvik framstilt som ein storgard når skriftlege kjelder viser noko anna?
4. Kva var bakgrunnen for utgravingane ved Tingvollane på Flolid?
5. Kvifor er denne staden registrert som kyrkjestad når det ikkje vart påvisst ved utgraving?
6. Kvifor vart det gravd på feil plass på Flolidstranda når rett stad er tydeleg beskrive?
7. Kvifor er ikkje Flolid merka som tingstad i Kulturminnesøk?
8. Kvifor støttar ein seg utelukkande på Knut Helle sine konklusjonar om tingstaden når tidlegare kjende historikarar har konkludert annleis?
9. Kvifor er det ikkje tatt med i diskusjonen at det kan ha vore to tingstader på Flolid, og at ei eventuell flytting av tinget kan ha skjedd lokalt i dette området?
Risør 1. desember 2022
Jan Kidøy