Fakta, tvil, fantasi

«SANNINGA OG FORNUFTEN
ER SJELDEN UVENER»
(DRONNING KRISTINA)

Gulatinget – møtestad for lov og rett

«Etableringa av Gulatingsparken ute i havgapet i vest dreier seg om mykje meir enn granittskulpturar av største slag. Heile området Flolid skal bli ein attraksjon og forhåpentleg ein turistmagnet».

Ja, mon tru det kan bli ein turistmagnet så lenge Eivindvik blir marknadsført som den eigenlege tingstaden? Det må være svært skuffande og forvirrande for turistar som kjem til Gulatingparken å bli fortalt at dei er på feil plass. Like skuffande må det være for folk med litt historisk innsikt å få Eivindvik presentert som tingstad – Eivindvik der ingenting stemmer med soga.

Anders Hantveit, ordførar i Gulen 1890-1911 sa det slik (Bergens Tidene 1919):
«Som gammel kommunemand vilde jeg selvsagt finde det hyggelig at omgivelsene omkring kommunelokalet kunde bli pyntet op med en vakker bauta. Men jeg har den opfatning at det vilde være at «pynte seg med lånte fjær», og det smaker ikke. Skal det påtenkte minde ha noget kulturhistorisk værdi, må det bringes i overensstemmelse med det som de gamle skrift og tradisjonerne forteller os. Ikke lempes til på en måte som man efter nutids begrep finder mest bekvemt.»

Ikkje anklage, men oppklare

Lat det være klårt for alle at det følgande ikkje blir publisert for å anklage einskildpersonar eller organisasjonar, men for å avklare og oppklare kva som faktisk har skjedd og framleis skjer i lokaliseringsspørsmålet om Gulatingstaden. Mange uttalelsar/påstandar om Gulatingstaden kan skuldast ignorans, eller blind aksept av andre si synsing.

Gulatinget kan ikkje ha vore i Eivindvik

Den politiske avgjerda om at Gulatinget vart halde storparten av tida i Eivindvik har ikkje grunnlag i historiske fakta, men er eit valg som er tatt ut frå andre omsyn. Desse faktiske forholda ekskluderer Eivindvik som mogeleg tingstad:

  1. Geografien stemmer ikkje med skildringar i soga
  2. Topografien på staden stemmer ikkje med soga
  3. Hamneforholda var ikkje høveleg for samling av så mange skip. Ilandstigningstilhøva var nesten fråværande før noværande kaianlegg kom
  4. Staden er ei strategisk felle i strid. Rømningsveg er begrensa til to smale sund
  5. Namnet Eivindvik er ikkje nemnt i nokon skriftleg kjelde før etter at tinget vart flytta til Bergen
  6. Eivindvik er heller ikkje nemnd som tingstad i folketradisjonen, i segner, sagaer eller sangar korkje lokalt eller nasjonalt
  7. Det er ingen stadnamn i Eivindvik som refererer til vikingtida utenom dei som er oppdikta i seinare år
  8. Det er ikkje registrert oldfunn på staden med relevans til saka
  9. Det var mest truleg ikkje kyrkje i Eivindvik før etter reformasjonen på 1500-talet

Vestland Fylkeskommune har tatt stilling til lokaliserings-spørsmålet

Dette er deira uttalte standpunkt:

Det autentiske Gulatinget låg i middelalderkyrkjestaden Eivindvik, medan Gulatingsparken på Flolid er ein minnepark til ære for Gulatinget.

Avgjerda er fulgt opp av krefter frå fleire universitet:

Videoar «Fakta om Gulatinget» 3-6
I tre av seks videoar som ligg på Gulating.no sin nettstad legg Professor Jørn Øyrehagen Sunde ingenting imellom, men seier uten atterhald og uten å nemne Flolid at Gulatinget var i Eivindvik.

Vegskilt ved E39 i Instefjorden knyter Gulatinget til Eivindvik.

Tilpassa namn i Eivindvik

«Lovseieberget»
Karl Gåta nemner Lovseiingsberget. Nyare namn?
(Karl Gåta promoterte Eivindvik saman med Anders Skaasheim, Balestrand, ein av stiftarane av Histoerielaget for Sogn 1909)

«Olavskjelda»
Opphaveleg namn «Renna»: Ei oppkomme. Her var det tidlegare laga til ei renne av ein uthola trestamme. I dag blir Renna som oftast kalla Olavskjelda. Dette namnet er ikkje nemt i skulebarnoppskriftene. Det tyder på at Olavskjelda er eit nyare namn, gjerne berre nokre tiår, og kan truleg knytast til diskusjonen omkring plassering av Gulatingsstaden.
(At Olav den Heilage har drukke av Renna kan ikkje dokumenterast og framstår som rein fantasi).

«Kyrkjeneset»
Opprinneleg kalla «Smedneset».
«Sogegranskar Jacob Åsland fortalde på Kyrkjehaugen (Flolidstranda) at i Breim var det ein haug som var kalla Kyrkjehaugen av den grunn at ein herfrå kunne sjå kyrkja i Breim. (Etter sjømann Karl Gaata, frå Byrknesøy, 1918)»
Slik sett var det nok lageleg med namnet «Kyrkjeneset» som ligg i siktlinja frå Kyrkjehaugen på Flolidstranda.

(Ovanståande informasjon er henta frå Fylkesarkivet, stadnamn i Eivindvik)

Gulafjorden

Kvifor er plasseringa av Gulafjorden viktig i lokaliseringsspørsmålet?
Jau, dette heng saman med at namnet Gula/Guløy/Guli, kjent frå soga, ikkje kan knytast til Eivindvik. Om det kunne hevdast at Gulafjorden byrgjar rett sør for Eivindvik kunne det være eit hypotetisk samsvar mellom fjordnamnet og Gulatinget med ein tingstad i Eivindvik.

I samarbeid med Kartverket har ein «flytta» Gulafjorden frå Guløy/Flolid til langt ut i det som vert kalla «osane». Ekstra langt ut i professor Knut Helle si bok.

Jan Kidøy var i 2022 i kontakt med Kartverket for å få retta opp feilen, men til inga nytte. Han fekk gehør for eit par andre endringar, og tilbakemeldinga var: «Det tyder at me kan formalisera namnet for offentleg bruk neste gong me reiser namnesak i Gulen kommune». Så kan ein spørje, kven styrer med namnesaker i Gulen kommune? Ein annan merknad var at nokre argument han hadde lagt fram var henta frå boka «Gulatinget på Flolid gard» (Liv K. Lien Flolid), underforstått at dette ikkje var truverdig.

Skilting i samband med Gulatinget

For å gjere saka meir diffus og opne for mogeleg tingstad i Eivindvik nyttar ein konsekvent berre Gulatinget på vegskilta. Ikkje eit einaste skilt nemner Gulatingstaden. Skiltet i Instefjorden, der vegen tek av frå E39, hovedfartsåra gjennom Gulen, koblar i tillegg Gulatinget direkte til Eivindvik. I Eivindvik sentrum viser eit skilt vegen til «Gamal tingstad», medan det motsatt veg berre står «Gulatinget».

Angrande ordfører avslører konspirasjon

(gjengitt med tillatelse)

Ludvik J. Kjellevold (1889-1971) var ordfører i Gulen i 16 samanhengande år.

I august 1966 tilkalla Ludvik Kjellevold truverdige folk frå Flolid for å bevitne noko han ville bekjenne: Det hadde vore eit viktig møte i Eivindvik, kor folk frå alle dei nordiske landa, inkludert Island og Man i Irskesjøen, kom for å sjå dei 4 tingstadene i Norge.

Ordførar og varaordførar og «dei frå Bergen» vart enige på forhånd om at dei skulle sei «her er staden» i Eivindvik, og ikkje eit ord om Guløy og Flolid.

Frå første stund såg dei tilreisande at tinget ikkje kunne ha vore i Eivindvik. Og spesielt representanten frå Island var skråsikker og vart sint for at dei var leda til feil plass. Ikkje før dei stod på kaia for å ta farvel måtte ordførar Kjellevold vedgå at Guløy låg lenger mot aust.

Då han seinare fortalde det til kona, Lise, fekk han denne kommentaren:
«Du har visst det frå du var liten gut kor Gulatinget har vore, og så har du dumma oss ut slik!»

Det var dette at han hadde ført skam over familien som førde til at han ville ha sanninga fram – ei sanning han ville dele med alle, om så var med kongen!

Høyr og sjå heile historia her

Konspirasjonen lever

Konspirasjonen lever framleis, 56 år etter denne hendinga. Eit djupdykk i kva som føregår bak kulissane viser at dette er mykje meir omfattande enn ein skulle tru.

Les dette ein gang til, og ta litt tid til ettertanke:

Det autentiske Gulatinget låg i middelalderkyrkjestaden Eivindvik, medan Gulatingsparken på Flolid er ein minnepark til ære for Gulatinget.
(Ut.no opplyser at denne teksten er skrevet av Vestland Fylkeskommune)

Her får ein inntrykk av at Gulatingparken på Flolid i det stille blir brukt som marknadsføringsplass for ein tenkt tingstad i Eivindvik. Dette blir bekrefta mellom anna ved dette kartet som er å finne under Kulturminnesøk:

Ved søk i «Kultuminnesøk» på ordet «Gulatinget» er det berre dette kartet som kjem opp.  Flolid/Guløy er ikkje registrert som tingstad. men som kyrkjestad, og kyrkja er i tillegg plassert på feil plass. Kven står bak denne bevisste forfalskinga?

Desinformasjon i Kulturhistorisk leksikon

Stadnamnet Gulen, som også er namn på kommunen på sørsida av Sognefjorden, kjem av det gamle fjordnamnet Guli, no Gulafjorden. Etter Gulen (NB: 1890) har Gulatinget namn. Fjorden deler seg etter kvart i 3 fjordar: Nordgulfjorden, Austgulfjorden og Eidsfjorden.

(Deretter kjem ei lang utgreiing som freistar avkrefte at Gulen-namnet kjem av Guløy, akkurat slik som Gulafjorden gjer det).

To steinkrossar i Eivindvik har truleg opplevd både Gulatinget og innføringa av kristendommen. Den eine av krossane har rette, enkle former og står ved porten til kyrkjegarden.

Ei segn seier at Olav reiste krossane for å vigsle grunnen til gudsteneste, og at han baud folk å byggja ei kyrkje på staden. Ei anna segn går ut på at Olav skaut tre piler i ulike retningar frå tingstaden og sette opp ein kross der kvar pil landa. Steinkross-granskaren Fridtjov Birkeli (1906-1983) meiner det er sannsynleg at det var Olav Tryggvason som reiste krossane, før kyrkja i Eivindvik vart bygd.
Ein hypotese går ut på at døypefonten og krossen vart laga til ein massedåp som Olav Tryggvason heldt.

I same innlegg finn me dette, som nok er korrekt sidan krossane truleg var med samtidig som kyrkja på Flolistranda vart flytta til Eivindvik etter reformasjonen på 1500-talet:

Den tidlegaste skriftlege skildringa av krossane er frå 1626, og skildrar krossane omtrent slik vi ser dei i dag.

Frå artikkelen «Gulatingsminnet …» av Hermond Kleppa:
Nemnda måtte gjera eit val. Dei rådde til å reisa minnesmerket i Eivindvik som midtstad i den «bygda Gulating heiter etter» (NB: Kommunen heitte Eivindvik fram til 1890 – ikkje rart at det vart folkeopprør om stadvalget).

Ønska livet av motstandaren

Frå eit foredrag halde på eit åpent møte i Heradshuset i Eivindvik den 5. oktober 1960, les me fylgjande, som seier mykje om kor usakleg denne striden har vore. Foredraget vart halde av Sogn sogelag sin representant i gulatingnemnda, A. Skåsheim frå Balestrand: «Nemdi som skulde arbeide for å reise eit minne på Gulatingstaden i Eivindvik var samla i 1917, men nemdi møtte motstand, særleg gjekk Hans Floli hardt imot og han var ein tung motstandar. Nemdi fann det heilt nyttelaust å kjempe mot han. Ein rådde seg difor til å vente med det vidare arbeid til Hans Floli var avleden.»
(Dei måtte vente i 23 år).

I utakt med lokal tradisjon

I “Gula Tidend” for 26. og 29. april 1905 er attgjeve ei oppteikning over utsegner frå folk i Gulen som svar på spørsmål m.a. om dei hadde høyrt noko om at det hadde vore helde “Lagting nogensteds i Gulen”. Spørsmåla er stilte og oppteikninga gjort av prost Dahl og klokkar Furnæs i mars 1823.

På Nedre Opdal snakka dei også med ein del menn (5 stykker er nemnde). Av dei var det ein som sa at han hadde høyrt av ein gamal mann på Kjelby at det på “Guløen” hadde vore slag “og Ting tillige”.
På Øvre Opdal fortalde ein 68 år gamal mann at han hadde høyrt at Gulatinget stod på “Guløe, samt at slag har staaet der mellem gamle Kjemper.”

Det var ellers nokon som nemnde ting på Haveland og på Stevnebø, men ingen nemnde Eivindvik.

 

Kven sådde tvil, og kva tid?

Kva tid kom tvilen om den rette tingstaden inn i bildet?
Byrja det med Nils G. Alstrup Dahl (1778-1852)?

Dahl var frå Kvinnherad, vart tilsett som kapellan i Eivindvik 26 år gamal, og tre år deretter som sokneprest og seinare prost i Ytre Sogn Prosti. Han var ordførar i Gulen i 10 år.

Han publiserte to artiklar i tidsskriftet for Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, Trondheim: «Om beliggenheden af det gamle Gaulom» og «Hvor blev Gulathingsloven given og hvor haar Gulathing staaet?».

Når me veit kva innflytelse denne mannen hadde, og alt han gjorde for bygda og prestegjeldet Eivindvik er det ikkje det minste forundeleg at han ville koble bygda til Gulatinget. Legg merke til at han bruker stadnamnet Gaulom i staden for Guløy/Gulø/Guli. (Gaulom vert identifisert som «ein fjord som stikk inn i landet» – kanskje litt meir høveleg for Eivindvik).

Nils G. Alstrup Dahl var prest og ordførar i Eivindvik

(seinare Gulen) tidleg på 1800-talet.

Var han den første som sådde tvil?
Korleis kunne ein så opplyst mann, etter kvart lokalkjent i bygdene, tenke tanken at tinget hadde vore i Eivindvik om han ikkje hadde vikarierande motiv?

I 1360 er Eivindvik (Øyuindarviih) nemnt som skattebetalande gard.

«Da matrikkelen skulle settes opp i 1868, ble gården beskrevet. Gården lå nær sjøen, men den var tungdrevet og hadde verken fiske eller fiskerettigheter. Jordene var spredt, den hadde syv husmannsplasser».

(I kontrast til dette er denne beskrivelsen nå å finne i «Kulturminnesøk»:
”Eivindvik var frå først av ein retteleg storgard”).

I 1360 hadde Flolid i lang tid vore kongsgard.

Typisk dekorasjon med symbolikk frå Urnes Stavkyrkje.

Kyrkja sentral i soga om Gulatinget

Kvar i vikingsagaene finn me namnet Øyuindarviih?
Kor sannsynleg er det at denne skrale garden, til og med uten fiskerettar, hadde vore tingstad for det mektige Gulatinget som eldre skrifter brukte som namn på ein heil landsdel (Historia Norvegjæ)? Og kvifor vart det kalla Gulating om det vart halde i Øyuindarviih?

(Kommunen tok namnet Gulen i 1890- åra, før heitte det Eivindvik).

«I Eivindvik var det først ei stavkyrkje, nemnt i 1327 (Diplomatarium Norvegicum). Ei lafta tømmerkyrkje avløyste stavkyrkja (?) på 1500-talet. I 1724 vart den gamle kyrkja i Eivindvik kjøpt av soknepresten, Nicolai Stabel, og stod til noverande kyrkje vart reist i 1863». (NRK Fylkesarkiv)

Ovanståande sitat vert brukt som eit argument for at det var kyrkje i Eivindvik i gulatingtida. Referansen frå 1327 fortel berre at brevet var sendt til presten i Eivindvik, medan kyrkja stod på Flolidstranda til etter reformasjonen. (Med (ro)båt frå Eivindvik er det berre 1,5 km til Flolidstranda, og ca 2,5 landevegen). Det var ikkje kyrkje i Eivindvik før dette. Med den respekten folk hadde for Gulatinget sat det nok langt inne å flytte kyrkja.

I Håkon Håkonssons saga kan me lese :

Hann let gera kirkju i Guley nordr frå Bjørgyn ok færdi tangat Gulathing.

Dette blir omsett til: – Han bygde kyrkje i Guløy nord for Bergen og flytta tinget dit.
Sitatet kan også tydast slik: – Han bygde kyrkje i Guløy nord for Bergen der dei reiste/hadde reist på Gulating.

Flatøyboka har denne setninga:
Hann let gera kirkju i Guley nordr fra Bjørgyn ok offradi thar til (Gullhring ?) Gulating. (Kan det være at «Gullhring» er ein skrivefeil/feil oversettelse, og at det i staden skal stå «Gulating»? Det vil i så fall være ei langt meir logisk tyding).

Ei anna tolking kan være:
Han bygde kyrkje i Guløy nord for Bergen og ofra tårar til (Gullring ?) Gulating.

Slik skriv bergensaren, forfattaren og historieprofessoren Ludvig Holberg i boka som kom ut i 1750, «Den berømmelige Norske Handels-Stad Bergens Beskrivelse»:

Udi Nordhordlen ligger den Øe Guløe, hvor laug-stolen blev anlagt, som kaldest Gulatings Laug-Stoel (Laugstol =Tinglag eller tinglaug), og siden er forflyttet til Bergen.

«Gulatinget ble etter hvert flyttet til Bergen, kanskje allerede før 1300. I Christian 4s Norske lov av 1604 er navnet Gulating erstattet med Bergen lagting. I 1797 ble Bergen lagdømme opphevet sammen med de andre lagdømmene i landet». (SNL)

På det som var den gamle Gulatingstaden på Flolid, nemner prost Niels Griis Alstrup Dahl at det skal ha lege ei kyrkje i mellomalderen. Dette kan være same kyrkja som er nemnt i Håkon Håkonsson saga, der det heiter at kongen bygde ei kyrkje i Guløy, ei halvøy som ligg like ved Flolid. Lokalkjende meiner at omgrepet Guløy ikkje berre femde om halvøya, men om eit vidare område der også Flolidgarden var med. Dahl nemner også kyrkjer på Hauge og på Nesetranda. Han var ellers ein av fleire som bekrefta at kyrkja på Flolistranda vart flytta til Eivindvik.

Kven skal me tru på?

Professor Knut Helle (1930-2015) blir framstilt som «den fremste autoriteten på norsk middelalderhistorie». Denne autoriteten har konkludert med («Gulatinget og gulatingslova») at den opprinnelege tingstaden var Eivindvik, og at tinget «kanskje» var på Flolid dei siste 50 åra før det vart flytta til Bergen. Det er verd å merke seg at Gulen Kommune var med og delfinansierte ovannemnde bok med kr. 25.000.-.

Lat oss sjå litt på kva tilknyting dei har til Gulen, lokale tradisjonar og overleveringar, desse som hevdar at Eivindvik var ein sannsynleg tingstad:

Nils G. Astrup Dahl: Innflyttar frå Kvinnherad

Anders Skåsheim: Historiegranskar frå Balestrand

Ivar Kleiva: Innflyttar frå Sunnmøre

Knut Helle: Historieprofessor frå Larvik, Universitetet i Bergen

Jørn Øyrehagen Sunde: Frå Kvinnherad, Professor ved Institutt for offentleg rett i Oslo.

Skal med godta

at desse stemmene utanfrå skal overprøve ropet frå fortida, nedarva som tradisjon frå generasjon til generasjon, gjenfortalt frå slektsledd til slektsledd, skildra detaljert i eldgamle sanger og segn og innbakt i ryggmargen på ærlege folk i Gulen, Nordhordland og det øvrige Vestlandet?

Kva truverde skal me tillegge desse framfor til dømes folk med lokal forankring:

Hans B. Flolid: Oppvaksen på tingstaden og glødande interessert i historia rundt denne. Framstod som den mest kunnskapsrike når det gjeld tingstaden.

Anders Hantveit: Oppvaksen eit «steinkast» frå tingstaden, høgt akta historieinteressert bonde og lokalpolitikar som meinte Eivindvik prøvde å «pynte seg med lånte fjær».

Ingrid Kidøy: Oppvaksen i Eidsfjorden, busett på Flolid, privat granskar, har dokumentert stadnamn og intervjua ei rekkje eldre folk på 1960-talet.

Liv Karin Lien Flolid: Etterkomar av Hans B. Flolid, privat granskar, har gitt ut boka «Gulatinget på Flolid gard».

Eller andre som tidlegare har engasjert seg sterkt i spørsmål rundt Gulatinget:

Jens Edvard Kraft (1784-1853) Historisk forfattar og embetsmann, var med og målte opp og dokumenterte kirketomta på Flolidstranda.

Gustav Peter Blom ( 1785 – 1869) Sorenskrivar: Var med og utforma den norske Grunnlova av 1814, såg med eigne auge restane etter kyrkja på Flolidstranda.

B. E. Bendixen (1838-1918) Skulestyrar: Oppretta legat «til fremme av arkeologisk forskning», var sjølv på Flolistranda og såg restar etter kyrkjegrunnmuren.

Absalon Taranger (1858-1930), professor i rettshistorie: «Ei gamal segn som professor Taranger har skrive opp, seier at på Guløy har tingstaden vore i dei aller eldste tider. Mellom Varden og Domsteinen må det ha vore. Og der er godt rom for mange mennesker». Dette stemmer med Hans B. Flolid sine skrifter og kart.

Lars Eskeland 1867-1942): Skulestyrar og forfattar av mellom anna boka «På Klårfjell» som har eit langt kapitel om Gulatinget.

To tingstader skaper forvirring

Om det er rett tolking av eldre skrifter at Gulatinget vart flytta, så er det rimeleg at historiegranskarar har «klødd seg i hovudet» og sett etter mogelege andre tingstader enn Flolid/Guløy. Men fleire har forstått at flyttinga har skjedd i same geografiske område – frå ein veldig trygg plass til ein romslegare plass, og så eventuelt attende til «Guløy tingstad rettom».
Av desse kan nemnast Kraft og Blom: Paa toppen af Guløi, der ved et lavt eid er forbundet med gaarden Floli, har formodentlig tinget været holdt; men dertil sees intet spor. Seinare bekrefta av Professor A. Taranger, skulestyrar/forfattar Lars Eskeland og den lokale historiegranskaren Han B. Flolid. Det som likevel ingen av dei nemner, og som er den historiske nøkkelen, er den tidlegare steintrappa på sørsida av Guløy. Denne trappa var der heilt fram til slutten av 1800-talet:

«Ole Eriksson opna bakeri og handel på Nyborg. Stoppestaden blei registrert som postopneri frå 1. april 1891 under namnet Guløy. Ole bygde ny steinkai på Nyborg i 1893/94, sette opp eige bygg for bakeriet og bygde på våningshuset. Guløy blei så telefonstasjon i 1905» (Frå «Varehandel i Gulen»).
Sara Marie Westervik vaks opp på Klokkeide og var 8 år i 1893. Ho fortalde at dei frå Klokkeidneset kunne sjå lasteprammar (frå Bergen) som førde stein frå Guløy til Nyborg i forbindelse med bygging av steinkaia.

På den måten forsvant eit kulturminne som ville ha kasta lys over den bortgøymde og bortgløymde tingstaden på Guløy.

Slik dette er fortalt tyder det på at prammane gjekk fram og tilbake fleire ganger, så det var snakk om mykje stein. Lengda på trappa kjenner me ikkje til, sjølv om ho mest truleg berre gjekk opp den brattaste kneika frå sjøen. Derifrå tek det omlag 3-5 min. å gå opp til tingstaden. Den ligg som beskreve av Professor Taranger «mellom Domsteinen og Varden». Dette stemmer også heilt med beskrivelse og teikningar etter Hans B. Flolid.At Hans Flolid ikkje har nemnt trappa skuldast nok helst at mange ting var så godt kjent på den tida at det ikkje vart ansett som viktig å skrive dei ned.

Lars Eskeland visste tydelegvis ikkje om trappa eller den eldste tingstaden, og difor skreiv han slik i «På Klårfjell»:
«Dei fleste handskrifter av den nye Gulatingslova seier at lagtinget skulle være i «Guløy tingstad rettom», og dette må vel helst tydast so at tingstaden skulle vere den same som han hadde vore etter eldgamal tid. Men når sume har tenkt seg at Håkon Håkonsson flytte tinget til Guløy frå ein stad som ein no må gissa seg til, so er det anna skil. Alt ein kan tenkja seg talar imot det».

Trappa var vesentleg av fleire grunnar:

– Den eldste tingstaden er vanskeleg tilgjengeleg frå landsida.
– Det var kanskje eit poeng at tingstaden låg vekkgøymd til.
– All transport føregjekk sjøvegen. Her var de godt å legge inntil for iland- og ombordstigning, samstundes som det var nær oppankringsplassane på Indre Flolidvågen.
– Den første kneika opp frå sjøen er bratt og ulendt.
– Dette var kortaste vegen opp til tingstaden.

Eit anna moment som kan kaste lys over dette valget av tingstad er at det eldste Gulatinget berre gjaldt for dei to vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane (kanskje også Rogaland) Det utgjorde ikkje så mange tingmenn, slik at det var god plass på tingstaden på Guløy. Etter kvart som fleire fylke vart med kan tinget ha vorte flytta ned på Tingvollane på fastlandet av plasshensyn. Seinare vart det begrensning på kor mange utsendingar kvart fylke kunne sende og dermed var det greit å flytte tinget attende til «Gula tingstad rettom», sjølv om det truleg også låg andre omsyn bak flyttinga, som til eksempel at dette på alle vis var ein tryggare plass i ufredstid. Sjå også «Skjuler Guløy ein løyndom».

Heng Gulatinget på krossen?

Sjølv om overskrifta her er eit ordspel kan ho innehalde ei bedrøveleg sanning. Koblinga mellom krossane i Eivindvik og Gulatinget framstår som det einaste argumentet av ein viss verdi for Eivindvik som tingstad.
Men ser me litt nærare på dei to krossane si historie og på steinkrossar generelt i Norge, så smuldrar også dette argumentet bort og ein står att med eit blødande Gulating for så vidt som det gjeld Eivindvik.

Lokalhistoria hevdar frå fleire hald at krossane vart flytta frå Flolid til Eivindvik. Det var også ein tredje kross som vart knust under flyttinga. Stadnamnet Krosshaugen ovanfor Tingvollane på Flolid er framleis levande og bygger under at det tidlegare har stått kross der.

Ovanfor har me slått fast at kyrkja på Flolidstranda vart flytta til Eivindvik, herom er det lite usemje. Er det ikkje då naturleg å tenke seg at krossane vart flytta samstundes, ettersom dei høyrde inn under kyrkja?
Under reparasjon av krossen ved kyrkjeporten (øydelagt 2012) vart det funne restar av teglpanne og to metallboltar i gropa. Det tyder ikkje på at han har stått der siden vikingtida.

Om det ikkje var slik kan ein likevel ikkje uten vidare koble ein steinkross til eit tingsete. Det er mange steinkrossar spreidd over eit stort område på Vestlandet, utan at dei har med Gulatinget å gjere. Ein kan heller ikkje sjå seg blind på krossane så lenge topografi og andre tilhøve ekskluderer Eivindvik som tingstad. Meir om krossar i Norge blir å finne under menyvalget «Litteratur og video».

Steinkrossen i Eivindvik har tydeleg anglisaksisk utforming og er hogd til i Hyllestad i Sogn. Den står nokså malplassert i ein bratt bakke. (For å forklare at krossen står tilfeldig plassert har ein lansert denne segna: Ei anna segn går ut på at Olav skaut tre piler i ulike retningar frå tingstaden og sette opp ein kross der kvar pil landa).